Stor fiolinmønstring


I takt med kalenderen, byd fiolinistane i kulturskulen inn til strykekonsert med strøk av vårtegn. ”Vårtegn” var også namnet på konserten som gjekk av stabelen tirsdag kveld på kulturhuset.

Konserten var i hovudsak prega av fiolinistane, men fekk  denne gongen god hjelp av andre elevar i kulturskulen, både songarar og pianistar. Dette lyfta sjølvsagt arrangementet i variasjon og lydbilde.  Festsalen var krympa inn til ei intimscene der alle tilhøyrarane fekk site godt i amfiet. Dette skapte ei fin ramme rundt det heile.

Havella opna konserten med ein vals av Anders Grønli, som sjølvsagt heiter Vårtegnvals….. Grønli(1930-2004) jobba visstnok som lærar på Leikong eit års tid  etter krigen. 

Vidare fulgte soloinnslaga i tur og orden, først i den klassiske verda. Øyvind Magnus Kopperstad (fiolin) og Haral Myren (piano), begge 14 år, framførde ei pavane i stil frå 1600-talet. Så kom Beethoven, Bach, Pachelbel`s populære Canon, Gabriel-Marie, Nordraak og Ezra Jenkinson`s kjende Alvedans framført av Thomas Frekøy Skeide(12) akk. av Jonatan Husøy(14) på piano.  For dei årvåkne var det gøymt eit lite vårtegn i Eirin Myklebust Lødøen (9) si framføring av Canzonetta av Mozart.  I andrestemma var ”Alle fugler” fletta inn i pianoakkompagnementet. 


Når vårtegna var eit faktum, kunne Junior-Havella stemme i med ein vals som også kjem  frå Anders Grønli si notesamling. Hadde han berre visst at vi reknar han for ”nesten” herøyværing å vere. 

Stor entusiasme vart det når Juniorane fekk med seg songsolistar på podiet i framføringa av ”Fire elementer”. I kvar sitt vers, fekk dei presentert ”Ild, luft, jord og vann”. Ein stolt bestefar, med etternamn Paulsen uttrykte rett etter konserten at; ”Dette med å ha med song, det må de gjere oftare!” 

I den siste halvdelen av konserten fekk vi nyare musikk. Vi fekk Løvland sin ”Secret garden”, ulike arrangement av Kathy Blackwell, ”Den fyrste song ” og Flåklypa sitt tema Norwegian sunset. Gutane i Havella viste at dei greier seg utan ”damene” og drog med seg publikum i ein Pariserpolka frå Gossen som visstnok skal vere den første der på landet. 
I avrundinga fekk vi servert tango av Iveta Marcinkeviciute(14) på fiolin, tonefølgd av Nasko på trekkspel, før Havella tok oss ein tur med Gotlands Bröllopsmarsch og til slutt roa det heile av med endå ein komposisjon av Grønli: Vuggesang og pols til Per Mikkel.

Med heile 22 innslag!! er det utruleg at den musikalske stunda varte i berre fem kvarter. Men utan snakking, og berre effektiv  stryking går det fint. Publikum kunne heile tida følgje programmet på lerret samstundes som dei unge musikarane var godt førebudd på det dei skulle dele med oss. 
Lærarkrefter som var med var Nasko Nikolaev, Brigitta Hauge og Andrine Longva Kopperstad.

Herøy Kulturskule
RSS
image001
image001
Detail Download
image002
image002
Detail Download
image003
image003
Detail Download
image004
image004
Detail Download
image005
image005
Detail Download
image006
image006
Detail Download
image007
image007
Detail Download
image008
image008
Detail Download
image009
image009
Detail Download
image010
image010
Detail Download
image011
image011
Detail Download
image012
image012
Detail Download
image013
image013
Detail Download
image014
image014
Detail Download
image015
image015
Detail Download
image016
image016
Detail Download
image017
image017
Detail Download
image018
image018
Detail Download
image019
image019
Detail Download
image020
image020
Detail Download
 
 
Powered by Phoca Gallery
 

Bilder