Sjokoladekappleik på Hellesylt


Sist laurdag var rekruttar og juniorar frå Havella på stor samling i Sunnylven Samfunnshus. Folkemusikken har god rekruttering i den sørlige delen av fylket vårt. Vi fekk sjå 120 barn og unge utfolde seg i dans, spel og vokal.



Sjokoladekappleik er ein meir uformell arena enn Fylkeskappleiken. Det er inga døming eller rangering. Born og unge opp til 18 år får høve til å vise kva dei kan, og får med seg ein konstruktiv kommentar heim. Det er inspirerande både for utøvarar, foreldre og leiarar å sjå kor det vert arbeidd i andre kommunar. Valldal spelemannslag har etter kvart fått ei stødig juniorgruppe i spel, Dåm og Drag stilte med sine, og elles var der deltakarar frå Ålesund, Horningdal og Utvik i tillegg til Hellesylt si store dansegruppe. Den nordligaste delen av fylket vårt var ikkje representert. Dette grunnar seg nok litt i at det er eit dagsarrangement. Men det var no kjekt at dei henta inn litt frå nabofylket. Etter fem timar med varierande aktivitet frå scena, var det tid for diplomutdeling og sjølvsagt sjokoladepremie! I godteposen finn ein sjølvsagt vedlagt ei tube med tannkrem…………

Havellene stilte med rekruttlag og juniorlag. Av individuelle innslag kunne vi stolt vise fram Helena Adelheid Aasen (9 år) og Thomas Skeide(11 år). Dei fekk skryt for spelet sitt og ikkje minst for fin sceneopptreden. Dei takka fint for domarkommentaren. Vi viste også fram ein gute-trio, som verkeleg har begynt å få det til å svinge, med blikkontakt og fine strøk. Det var Øyvind Magnus Kopperstad (13 år),Peter Remøy Paulsen (13 år) og Thomas Skeide (11 år).

Hellesylt Ungdomslag har ein imponerande gjeng dansarar som dei fleste kan misunne dei. Danseleiaren deira, Astrid Ringdal, fekk midt under kappleiken utdelt Kulturprisen for Stranda kommune. Det fortjener ho nok etter 20 år som primus motor!

Til kvelden vart det stelt i stand til Leikfest. Medan borda dekte seg kunne dei som ville ta del i eit kurs i ”laus”. Laus er det same som halling-dans, som har vorte så populært etter Frikar-dansarane deltok med Rybak i Grand-Prix. Middagen vart servert og etterpå dansa vi. Det vart laaaang polinese og ringleikar. Alt leia av den ferske kulturprisvinnaren. Utruleg kjekt for oss i Herøy som ikkje har dette tilbudet. Rart kva ein rekk på ein ettermiddag/kveld.

                      ALK
RSS
DSC_9393 (1024x680)
DSC_9393 (1024x...
Detail Download
DSC_9427 (680x1024)
DSC_9427 (680x1...
Detail Download
DSC_9440 (1024x680)
DSC_9440 (1024x...
Detail Download
DSC_9442 (1024x680)
DSC_9442 (1024x...
Detail Download
DSC_9445 (1024x680)
DSC_9445 (1024x...
Detail Download
DSC_9452 (1024x680)
DSC_9452 (1024x...
Detail Download
DSC_9475 (1024x680)
DSC_9475 (1024x...
Detail Download
DSC_9476 (1024x680)
DSC_9476 (1024x...
Detail Download
DSC_9478 (1024x680)
DSC_9478 (1024x...
Detail Download
DSC_9526 (1024x680)
DSC_9526 (1024x...
Detail Download
DSC_9538 (1024x680)
DSC_9538 (1024x...
Detail Download
DSC_9540 (1024x680)
DSC_9540 (1024x...
Detail Download
 
 
Powered by Phoca Gallery
 

Bilder