Sjokoladekappleiken 2013

Arrangør : Spelemannslaget Havella

Tid: Laurdag 26.oktober 2013

Stad: Myrvåg, Møre barne- og ungdomsskule

For første gong kunne havellene ute ved kysten invitere inn til Sjokoladekappleik i Herøy! Laurdag 26. oktober steig lydnivået ved Møre barne og ungdsomsskule i Myrvåg betrakteleg i det 140 unge folkemusikkutøvarar møttes til folkemusikkmønstring.

Ja, for ei mønstring er det no, når song, spel og dans vert presentert i ulike former i eit tettpakka program på vel tre timar.

 

Arrangementet i Herøy var lagt til indre del av kommuna, slik at flest mogeleg skulle finne vegen til kappleik denne dagen. Det var eit av måla for arrangøren at flest mogleg skulle kome, og ikkje minst så var ønsket at alle skulle vere heilt til slutt. Etter 20 års erfaring med Spelemannslaget Havella, har vi erfart at dette ofte er ei utfordring, å greie å halde på publikum heilt til slutten av  kappleiken. Det er vel ei generell problemstilling for slike ”opne” arrangement.  Men vi greidde det! 

 

Vi løyste det med å vere godt budde, alt program var innmeldt på førehand, og alle fekk stille med berre med eit innslag.  Soloaktørane vart ropt inn i grupper, der ein og ein spelte/song, medan dei andre stod ved sida av. Så fekk dei ein kommentar frå dommarane, enten litt generelt, men også litt på enkeltpersonar der det høvde. Dette fungerte godt for dei fleste, men for dei som har delteke i solospel på Fylkeskappleik mange gonger før, vart dette kanskje litt ”snippe”. Dei ville nok hatt meir individuell tilbakemelding. Dette har vi forståing for. 

 

Sjokoladekappleiken kan godt vere litt annleis enn ein Fylkeskappleik, det var vel også utgangspunktet for dette arrangementet. Ein arena for rekruttering. Vi må ha lav dørstokk til desse samlingane, slik at vi også kan få invitert med også dei som aldri har vore i miljøet før. Vi var heldige og fekk med juniororkesteret frå Volda, og dei spelte med piano og cello, ein flott melodi som Knut Ose har laga. Ikkje typisk kappleiksslått, men folkeleg nok til at det vart eit herleg avbrekk i det tradisjonelle slåttespelet. Og vi fekk vist fram miljøet vårt til dei. I Fylkeskappleiken sitt program på Molde 2014, er det dukka opp eit Volda Spelemannslag!!! 

 

Noko av det viktigaste på Sjokoladekappleik er dommarane. Dei har ein alvorleg tittel, men heldigvis er dei veldig snille, i alle fall om vi gir dei sjokolade først…… Tre flotte personar, med lang erfaring i folkemusikken, tok denne utfordringa. Det var Åshild Ytredal Liaskar (dans), Jonas Reitan (spel) og  Anne Marta Vinsrygg Vadstein (spel og vokal). Det var kjekt å bruke folk som bur her i søre delen av fylket,  og dei gjorde ein framifrå jobb. Dei kom med konstruktiv tilbakemelding, og hadde eit godt lag med dei unge utøvarane.

 

Deltakarane kom frå nesten heile fylket. Rauma, Molde, Vestnes, Tresfjord, Valldal, Ålesund, Hellesylt, Volda,Stranda, Sykkylven, Herøy og Sande var representert. Arrangementet var gratis for alle, og vi fekk god støtte av det lokale næringslivet i Herøy. Stor takk til dei! Det var open kappleikskafé heile dagen. 

Premiering!

Vi valgte å ikkje ha spesielle utmerkingar, men at alle fekk det same. Det var ein sjokoladediplom, og ein stor pose som innehaldt  ein cd som Havella ga ut i 2010, mykje godteri(også tilpassa dei med allergier), ei tannkremtube, div. refleksar og anna reklame frå bankane som støtta oss. Vi greidde å samle alle til eit fellesbilde til slutt. 

 

Vi trur det er lurt at kvart lag får lage til Sjokoladekappleik ut frå kva dei enkelte lag makter. Om vi kan trekke fram eit godt eksempel, så hadde Ålesund Spelemannslag ein fantastisk sjokoladekappleik både i 2007 og i 2009 på Blindheim barneskule. Dei hadde Leikfest og felles middag. Utruleg flott! Men det hadde ikkje vi fått til her i Herøy, vi har ikkje denne dansetradisjonen, så det er viktig at laga lager til ut frå sine føresetnader, både når det gjeld foreldrekrefter, lokaler og økonomi. Vi såg det ikkje særleg aktuelt å byde inn til spelekurs i samband med kappleiken, for det hadde nok vorte for mykje. Det er ikkje lett å samle folk over to dager, i alle fall ikkje så langt ut på ytre søre. Det viser seg at det er lettast å samle folk ein dag, og vi trur det er best å dele desse arrangementa frå kvarandre, men det er slik vi tenker her i vårt lokallag.

 

Tusen takk til alle som kom til Herøy!

 

Beste helsing Andrine Longva Kopperstad

Spelemannslaget Havella

 

RSS
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
Sjokoladekappleig 261013
Sjokoladekapple...
Detail Download
 
 
Powered by Phoca Gallery
 

Bilder